onsdag 21. desember 2011

måndag 28. november 2011

Layout for Atrium

Denne hausten har eg gjort litt layout for fakultetsmagasinet, Atrium. Her er det eg har gjort:






fredag 11. november 2011

Fotballavslutning - invite

Til web


A4-versjon som skal delast ut.

torsdag 3. november 2011

Quote:
 
"Oh, and no, there will be NO SUBMISSION IN COMIC SANS!!!!!!!" 
Webdesign-lærar

onsdag 26. oktober 2011

onsdag 5. oktober 2011

Årstider

Eg laga ein årstidillustrasjon til eit århjul for ein barnehage.

Jentespekkhoggar























Eg laga ein jentespekkhoggar for å "lokke" jentelag til Spekkhoggarcup. Eg trur ikkje det hjalp.

Pose

Eg har sydd ein pose som eg kan ha plastposer oppi. Her er mønsteret som er på stoffet:

Skal ta bilde av posen når eg har fått mobil med kamera på. Ps: Dette er ikkje ein sy-blogg, ville berre vise at eg kan sy. 

tysdag 31. mai 2011

Ny header på skogsvaag.no























Trykk på bilde for å sjå det i 100%. Kva synes folk?

fredag 27. mai 2011

måndag 16. mai 2011

Skuleoppgåve, tema 27, del 2: Egenprofilering

Skuleoppgåve, tema 27, del 1: Egenprofilering

Bilder av prosessen. Det kjem bilder av det ferdige resultatet når det er ferdig printa.



laurdag 2. april 2011

Skuleoppgåve, tema 21: Berlin-magasin

På fredag jobba me i grupper med tre grafisk-folk og ein journalistikkstudent. Journalistikkstudentane hadde vore på studietur til Berlin, og der har dei skrive ein artikkel og tatt bilder. Vår oppgåve var å lage eit helgebillag med framside og minimum tre sider inni med artikkelen til journalistikkstudenten. Me hadde seks timar på dette. Trykk på bildene for få dei litt større. Strekane i hjørnene er merker for kor eg skal kutte etter at eg har printa.







tysdag 22. mars 2011

Skuleoppgåve, tema 23: LP-cover.

Oppgåva gjekk ut på at alle i klassen skulle gjere research på eit band vi likte, og so skulle vi trekke lodd om kva for band vi skulle lage eit LP-cover til. Eg fekk Kaizers Orchestra. Eg har ikkje hørt så masse på dei før utenom den gongen eg hadde Maestro på MP3-spelaren min på vidaregåande. 

Vi fekk oppgåva på torsdag, og tirsdag (i dag) var det innlevering. Heile helga har gått med til tegning, fikling og med å sette seg inn i musikken til Kaizers. Dette har ført til at eg har våkna opp midt på natta med Maestro og Prosessen på hjernen. Dette er inni hovudet mitt midt på natta: "Sving din hammar, sving din hammar, sving din hammar"..... Dette er inni hovudet mitt då eg var på ein liten shoppingtur på lørdag: "La det vara...Lalala... Kom inn og få deg litt KAFFI". 

Under ser du resultatet på oppgåva. Framside, bakside, framside og bakside på støvcover. 





søndag 13. mars 2011

Skuleoppgåve, tema 25: Emballasje

Oppgåva var å lage emballasje til cognac-gravet laks og fjellørret.