Oppgåva gjekk ut på at alle i klassen skulle gjere research på eit band vi likte, og so skulle vi trekke lodd om kva for band vi skulle lage eit LP-cover til. Eg fekk Kaizers Orchestra. Eg har ikkje hørt så masse på dei før utenom den gongen eg hadde Maestro på MP3-spelaren min på vidaregåande.
Vi fekk oppgåva på torsdag, og tirsdag (i dag) var det innlevering. Heile helga har gått med til tegning, fikling og med å sette seg inn i musikken til Kaizers. Dette har ført til at eg har våkna opp midt på natta med Maestro og Prosessen på hjernen. Dette er inni hovudet mitt midt på natta: "Sving din hammar, sving din hammar, sving din hammar"..... Dette er inni hovudet mitt då eg var på ein liten shoppingtur på lørdag: "La det vara...Lalala... Kom inn og få deg litt KAFFI".
Under ser du resultatet på oppgåva. Framside, bakside, framside og bakside på støvcover.




God research! haha :-D Kjempefine farga og kult med dyr !
SvarSlett